Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

2017-2020: Debatten om Terje Tvedts bok "Det internasjonale gjennombruddet":

Tvedts egne kronikker

Her samler vi fortløpende professor Terje Tvetds egne kronikker knyttet til hans bok "Det internasjonale gjennombruddet".

Torsdag 04. januar 2018
  • Samarbeid og samrøre. Kronikk av Terje Tvedt i Dag og Tid 13.10.2017
    Norsk media har aktivt støtta opp om den offisielle målsetjinga og politikken til det norske humanitær-politiske komplekset. Perioden då Noreg som stat både debuterte som verdsutviklar, tok på seg ansvar for å vere med å utvikla 100 land og søkte å verte ei global stormakt i fredsmekling – og vart ein ny heim for flyktningar, asylantar og immigrantar frå dei same utviklingslanda – vart svært formande på nasjonsdanninga.
  • «Little Norway». Kronikk av Terje Tvedt i Dag og Tid 29.09.2017
    Noreg støtta begge sider i borgarkrigen i Sudan og skapte ein ny stat som er herja av ein ny borgarkrig.
  • Den norske kyrkja som Islamsk Råds støttespelarKronikk av Terje Tvedt i Dag og Tid 22.09.2017
    Den norske kyrkja var fødslehjelpar til den fyrste, varige felles organiseringa av muslimar i Noreg. Mellomkyrkjeleg råd var òg særs hjelpsam med å sikra at organisasjonen fekk statsstøtte til drift og løn av eit sekretariat.
  • Det nye store «vi» og Abrahams born. Kronikk av Terje Tvedt i Dag og Tid 15.09.2017
    Jonas Gahr Støre er ein av få politikarar som har freista å diskutera identiteten til Noreg etter at vi vart eit mulitkulturelt land.
  • Når politikarar vil vere spåmenn. Kronikk av Terje Tvedt i Dag og Tid 08.09.2017
    Ein kronikk kalla «Katastrofenes århundre», publisert i Aftenposten 16. februar 2011, kan fungera som ein (slik) samtidshistorisk spegel – som eit fortetta døme på eit meir generelt fenomen. Det dreiar seg om ein tekst der tre av Noregs leiande politikarar var heilt samde om kva som var det viktigaste problemet i verda, og korleis det skulle løysast, og ikkje minst var dei sikre på at dei sat med svaret.
  • Flyktar frå landet Noreg «skapte». Kronikk av Terje Tvedt i Dag og Tid 01.09.2017
    I fleire år har mange flyktningar til Noreg kome frå eit land som Noreg, og særleg naudhjelpsorganisasjonen til Den norske kyrkja, var med på å etablera. Den 24. mai 1993 vart Eritrea ein sjølvstendig stat etter ein lang krig mot regjeringa i Etiopia. Det skjedde ikkje minst takk vera langvarig, løynd norsk støtte til den eritreiske motstandsrørsla, organisert av Kirkens Nødhjelp. Det norske utanriksdepartementet finansierte aksjonen med hundrevis av millionar av kroner.

Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 19. februar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.