Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Oljefondet:

Utdrag fra SVs alternative Statsbudsjett for 2001

SVs forslag til solidaritetsfond

Kilde: http://www.sv.no/storting/artikler/390.html

I SVs alternative Statsbudsjett for 2001 står det:

Noreg har råd til solidaritet!

Det store fleirtalet av økonomar, politikarar og næringslivsleiarar er samde om at Noreg på den eine sida har enorme inntekter men at vi på den andre sida ikkje kan bruke så mykje av desse inntektene i Noreg. Dette har ført til ein debatt om det "problemet" det medfører at vi ikkje kan spytte meir pengar inn i norsk økonomi. For SV inneber dette ein mogelegheit – ein mogelegheit til å investere pengar i dei delar av verda som treng dette mest sårt.

SV går inn for å opprette eit solidaritetsfond!

SV går inn for å sette 5 mrd av oljefondets kapital i eit solidaritetsfond som skal investere i næringsverksemd i dei fattigaste delane av verda. Dette fondet skal først og fremst gå til investeringar i dei 48 såkalla MUL-landa; det vil seie dei minst utvikla landa i verda. Storparten av desse ligg i Afrika, men også nokre øystatar og land i Asia er i denne gruppa.

Investeringar er viktig for utvikling

Historisk sett har ei av dei viktigaste kjeldene til økonomisk utvikling vore tilgangen på kapital. For dei fleste små og fattige land må denne kapitalen kome frå utlandet. Noreg baserte vår industrielle vekst på byrjinga av dette hundreåret på utanlandsk kapital. Asiatiske land som Sør-Korea og Taiwan, som gjekk frå å vere u-land til moderne industrinasjonar på nokre tiår, baserte seg i stor grad på utanlandske investeringar. Dei seinare åra har India og Kina motteke store mengder utanlandske investeringar; resultatet har vore stabilt høg økonomisk vekst og auka levestandard for millionar av menneske. Det finst likevel ei rekke land – særleg i Afrika – som knapt får investeringar. Dei står på sida av den globale økonomien.

Det er ei hovudutfordring å auke straumen av privat kapital til dei fattigaste landa i verda. I dag er den private kapitalstraumen frå nord til sør 5 gonger så stor som bistanden. Likevel er desse tala ørsmå i høve til samla kapitalrørysler over landegrensene. Noreg er – gjennom oljefondet – i ferd med å bli ein monaleg aktør på den internasjonale finansmarknaden. Korleis oljefondet vert investert er eit politisk spørsmål, av interesse for alle i Noreg som har del i denne formuen. SV vil at Noreg skal bruke ein del av denne formuen til investeringar i dei fattigaste landa i verda gjennom eit solidaritetsfond.

Ein vel fungerande stat

Utanlandske investeringar skapar ikkje velferd og økonomisk framgong åleine. Skal investeringar bli allokert der dei gjev avkastning må ein ha ein vel fungerande marknad. I mange fattige land i dag er imidlertid marknaden prega av store feil. Informasjon er ofte vanskeleg tilgjengeleg, infrastruktur er særs dårleg utbygd, konkurransen er ikkje fri grunna ulovleg samarbeid i marknaden, og korrupsjon er utbreidd i både statleg og privat sektor. Konsekvensen av dette er at få private investorar vil plassere pengane sine i desse landa fordi risikoen er for stor.

Den viktigaste årsaka til at marknaden fungerer dårleg er at staten fungerer dårleg. Ofte vert stat og marknad sett på som motsetnader, men faktum er at ein ikkje kan ha ein vel fungerande marknad utan ein vel fungerande stat. Det er lærdomen frå både Noreg sin vekstperiode og frå veksten i Asia.

Det trengst ein stat som kan regulere prissamarbeid i marknaden, syte for at infrastruktur vert bygd og heldt vedlike og som ikkje er gjennom korrupt. SV ønskjer difor å vri bistanden mot ei sterkare satsing på å bygge opp ein autonom stat som har kapasitet til å regulere marknaden. Dette er også i tråd med UNCTAD si anbefaling i deira ferske rapport om dei 48 minst utvikla landa. Noreg bør arbeide internasjonalt for at fleire land vrir sin bistand i denne retninga. Dette er særs viktig for at investeringar skal få den naudsynte verknaden.

SV sitt forslag om solidaritetsfond:

  • Opprette eit solidaritetsfond der 5 mrd av kapitalen i oljefondet vert brukt til å investere i MUL-landa, med ein opning for at delar av pengane kan investerast i mellominntektsland.
  • Pengane skal forvaltast av finansinstitusjonar etter vanlege forretningsmessige prinsipp, men det må tillatast ein høgare risiko enn det som er vanleg t.d. i Noreg for desse investeringane.
  • Investeringane skal følgje alminnelege krav til miljø, helse og menneskerettar som norske myndigheiter forventar av norsk næringsliv sitt engasjement i utlandet.
  • Regjeringa rapporterer årleg om fondet si verksemd til Stortinget.

Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.