Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Innlegg i debatten om statsministerens redegjørelse om toppmøtet i Johannesburg, 5. november 2002

For redegjørelse og referat fra debatten i sin helhet, se Redegjørelse av statsministeren om FN-toppmøtet om bærekraftig utvikling i Johannesburg

Bjørn Jacobsen (SV) : Vi veit at mange av dei endringane som skal til i verda, ligg i politiske prosessar som må skje i dei fleste landa i sør. Det er mange politikarar som må høyre meir på si lokale befolkning.

       Det kanskje mest oppsiktsvekkjande som skjedde i Johannesburg, var at Sør-Afrikas president, Thabo Mbeki, fekk slått fast at ein skal bruke og anerkjenne omgrepet global apartheid, og at ein no heilt klart er einige om at det i alle fall er nokre som blir stengde ute. Dei fattige blir haldne ute, kvinnfolk blir haldne ute, osv. Ein har i alle fall fått det inn i arbeidet.

       Og så var det vel Henrik Tikkanen som sa at dersom ein skal forandre verda, kan ein med stor fordel begynne med seg sjølv. Det gjeld for mange afrikanske politikarar, men det gjeld ikkje minst også for Noreg. Vi har mange utfordringar i forhold til energi og miljø. Vi har ressursane, vi har kunnskapen. Det står ikkje på noko av det materielle, men det står kanskje først og fremst på viljen til å få til arbeidet i forhold til Lokal Agenda 21 og så det nye som no kjem - Nasjonal Agenda 21.

       Det er gledeleg å kunne skryte av ein statsråd - det er jo ikkje så mange statsrådar ein kan skryte av i dag - og ein statsminister også. Derfor synest eg det er litt synd at vi ikkje fekk dette opp i ein full debatt. Eg trudde det låg i korta at vi skulle ha ein full debatt med replikkar og riktig kose oss med litt skryt og glede over ei stor sak for Noreg. Eg protesterte ikkje på det, men neste gong dette kjem opp, synest eg at vi skal ta oss ein endå betre debatt om dette. Det er ei så viktig sak for Noreg at vi kan tole å ta ein lang debatt om ho.

       Det er bra at Noreg bruker den posisjonen i Johannesburg som blei bydd oss av FN, sidan vi ikkje er medlem av EU, til å klare å hindre at handelsreglane i WTO ikkje skal overstyre miljøavtalar. Mange har kommentert toppmøtet med at det i sum er synd at det beste som kan seiast om det, er at det ikkje blei verre. Noreg var god på defensivt forsvarsarbeid, men vi skaut ikkje mål. Vi kjenner det frå Rio, den såkalte Agenda 21, den globale handlingsplanen for miljø og utvikling for dette århundret, der kvart enkelt land skal kunne følgje opp denne planen med nasjonal politikk for berekraftig utvikling og konkretisere korleis ein skal realisere Brundtland-kommisjonens slagord om å tenkje globalt og handle lokalt. Men med Brundtland si regjering som den første har regjeringane etterpå svikta i denne oppfølginga. Og sjølv om det finst enkelte lyspunkt, er det så langt ikkje produsert nokon Lokal Agenda 21 i Noreg. Regjeringa Stoltenberg sette i gang arbeidet med nasjonal berekraftstrategi. Bondevik II vidareførte dette arbeidet, men det måtte reviderast like før vi fór til miljøtoppmøtet i Johannesburg. Først no etter Johannesburg-konferansen startar arbeidet med ein nasjonal handlingsplan. Regjeringa har lova at han skal leggjast fram saman med nasjonalbudsjettet for 2004. 13 år etter Rio skal vi altså få ein Nasjonal Agenda 21.

       Eg forventar at ein i denne handlingsplanen konkretiserer og talfestar mål på alle dei områda der ein ikkje kom til einigheit i Johannesburg - då spesielt på dei områda der Noreg var mest ambisiøs. I tillegg kviler det eit spesielt ansvar på Regjeringa for å lage agendaen brei og inkluderande, og ikkje la det bli eit slikt interdepartementalt pliktløp inn i næraste arkivskuff! Alternativet må vere ein handlingsplan som endeleg maktar å regulere dei regulære politiske plan- og budsjettprosessane i ei meir berekraftig retning, og som i tillegg forpliktar eit breitt spekter av aktørar i samfunnet. Eg skal ta eit lite eksempel frå Molde. Der har vi ei stor søppelfylling som ein står og svir av metangass på. Like ved skulle Posten, ein statleg etat, byggje eit svært regionalt senter - eit kjempebygg. Då skreiv kommunepolitikarane inn til det kommunale avfallsselskapet: Er Posten interessert i å bruke denne gassen? Brevet blei sendt, men det blei aldri svart på. Det skal koste å ikkje svare på slike brev, for det er der vi skal vere konkrete. Der skal vi som politikarar gå føre. Vi ser i mange tilfelle at næringslivet til og med har kome langt lenger enn vi nasjonale politikarar. Men vi må leggje føresetnadene til rette, slik at både næringslivet og folk flest klarer å få til den konkretiseringa av Nasjonal Agenda 21.

       Alternativet til å følgje opp på heimebane vil vere ein repitisjon av tragedien etter Rio: Vel heime igjen drukna den globale tenkjemåten i fossil nasjonal politikk. Av slikt blir det lite lokal handling. Det vi gjer internasjonalt, er viktig. Men vel så viktig er det arbeidet vi får til i Noreg. I Noreg er det veldig mange som er for Lokal Agenda 21 og Nasjonal Agenda 21. Men det er ingen som veit kva det er, samtidig som veldig mange held på med det. Der er det vi som politikarar må følgje opp og gjere dei politiske vedtaka som skal til for at folk vil gjere ein innsats. Det er ikkje viljen blant folk flest det står på. Det er vår politiske evne som må bli betre.


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.