Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Innlegg i debatten om Innst.S.nr.119 (2002-2003), 13. februar 2003

Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke til at Norge deltar i den 13. kapitalpåfylling i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA) - Del II Generelt om Verdensbanken og Norges rolle i dens styrende organer og virksomhet

For referat fra debatten i sin helhet, se Referat fra Stortingets debatt

 

Bjørn Jacobsen (SV) : Då vi før jul hadde denne saka oppe, hadde vi ein runde på haldbarheita av forskingsrapportar og SAPRIN. Eg skal ikkje ta opp det no.

       Det siste som har kome, er faktisk at UNDP har gjort ei undersøking av veldig mange rapportar. Det interessante er at konklusjonen av den undersøkinga er at det er ingen samanheng mellom det å liberalisere handelen og det at det blir vekst av det. Tvert imot - det blir konkludert med at der det blir vekst, er der ein har fått bygd seg opp sakte, men sikkert bak tollbarrierar. Dette er Noreg eit godt eksempel på. Det å liberalisere for mykje kan altså faktisk hindre vekst. Vi har iallfall fått det slått fast. Derfor har vi òg teke det med i merknadene her.

       Ser vi på merknadene frå komiteen samla, synest eg vi har kome eit godt stykke i forhold til at Noreg skal bruke det vesle fnugget av demokrati vi har i Verdsbankens styre, til å få dei til å gå på den rette vegen.

       Eg trur ikkje på nokon store omveltingar i Verdsbanken på kort sikt, men eg trur på at dersom vi klarar å halde fast på den kursen som ein har gjeve uttrykk for i desse merknadene, og dersom Regjeringa representerer oss på ein fornuftig måte, så vil det gå den rette vegen.

       Ordføraren for saka nemnde gjeld. I gamle Alta Sparebank hadde vi den gamle typen banksjef. Han spurde folk rett ut: Treng du eigentleg desse pengane? Er det ikkje berre for å imponere småjentene med ein svær, flott bil at du ønskjer å kjøpe deg ein bil? Oftast var det slik. Slike banksjefar er det slutt på. Vi har fått heilt andre typar banksjefar som kanskje lurer folk til å låne for mykje pengar. Der er eit av problema både med Verdsbanken og andre finansinstitusjonar og ulike gjeldsopphopingar at det er teke opp lån på vegner av fattigfolk som ikkje ein gong var ute etter lån, og heller ikkje hadde definert om dei hadde behov for lån. Det er dei samme fattige folka som må li når tiltaka for å drive inn desse midlane skal setjast i verk.

       Så til ei sak vi har hatt oppe her før. Det er forskjell på gjeldslette med ein s og gjeldsslette med to s-ar!

[Neste innlegg av Bjørn Jacobsen]

Bjørn Jacobsen (SV) : Eg er veldig glad for at mange, også statsråden, tydelegvis har lese denne rapporten frå UNDP. Det har ikkje eg gjort, men eg har lese Vårt Land og deira tolking av han. Vårt Lands tolking er at det er ein ny FN-rapport, sjølv om han også i FN-systemet har blitt sett på som ei debattbok nettopp fordi det blir sett spørsmålsteikn ved veldig mange gamle forhåpningar om at berre vi får meir liberalisering, kjem det også utvikling og vekst. Vi har likevel lært at kapitalflyten framleis går frå sør til nord, og eg skal ikkje ramse opp alle dei andre indikatorane som tyder på at det går feil veg.

       Så til dette med demonstrantar, andre aktivistar og organisasjonar som engasjerer seg mot Verdsbanken. Enkelte av dei går så langt som til å seie at dei vil leggje ned Bretton Woods institusjonar. Eg trur vi skal sjå på det som uttrykk for eit skikkeleg engasjement. Det skal vi verkeleg ta med oss, ha det med her i Stortinget. Verdsbanken burde ta desse signala veldig alvorleg i staden for å avfeie det som noko som ikkje hadde noko innhald. At dei har heilt rett, skal eg ikkje på nokon måte garantere for, men eg vil be statsråden kommentere korleis ho tek imot desse signala frå ulike frivillige organisasjonar i Noreg. Nokre av dei demonstrerer i gatene, men blant dei som går i gatene, er det også nokre som legg fram gode artiklar og rapportar og har skikkeleg gode meiningar på dette området. På kva for måte tek statsråden imot desse? Eg har sjølv opplevd her i Stortinget at ei ung jente på 20 år som eg trur jobbar i Slett u-landsgjelda, og som skulle ha tak i nokre GIEK-rapportar, faktisk ikkje fekk dei. Stortinget elles er ope for lobbyistar for ulike saker, som går inn her med den største sjølvfølgje. Men ei som jobbar frivillig, eg heldt på å seie døgnet rundt, fekk ikkje tak i ein rapport, så eg måtte gå på ekspedisjonskontoret og få tak i han til ho. Er vi opne nok for dei frivillige folka i Noreg som trass i alt jobbar med engasjementet sitt for å prøve å få gjort noko med den urettferdige situasjonen vi ser i verda i dag?

[Neste innlegg av Bjørn Jacobsen]

Bjørn Jacobsen (SV) : I Noreg var vi så heldige at vi fekk demokrati før vi bl.a fann olja. Vi hadde ein struktur på plass. Det vi ser mange stader i verda, er at ein ikkje har demokratiet på plass, ikkje den strukturen for å ta imot ein masse oljerikdomar, for ikkje å snakke om å ta imot ein masse lån. Den vanlege mannen i gata, den vanlege kvinna som driv jorda, er faktisk ikkje med og definerer behovet for lån. Men så får ein lån, ein skal betale det tilbake, og så klarer ein ikkje det. Mitt spørsmål til statsråden er: Ser ho noka moglegheit for å ordne på det, altså at låna blir gjevne meir etter dei behova som vanlege folk har, ikkje nødvendigvis alltid etter behova til dei som sit med makta i dei ulike landa?


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 13. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.