Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Ja til matproduksjon i Norge, 16. mars 2003

Uttalelse vedtatt på Senterpartiets landsmøte på Røros 14.-16. mars 2003

Senterpartiet vil arbeide for at det vert oppretthalde eit mangfaldig og livskraftig landbruk i heile Noreg. Framlegga i dei pågåande WTO-forhandlingane vil bety dramatiske endringar for landbruk i Noreg. Dersom vi blir stilt overfor bygder utan bønder og landbruksproduksjon vil det raskt bli bygder utan butikkar, bensinstasjonar og skular. Det betyr igjen bygder utan et godt kulturlandskap og eit land med svekka matvaretryggleiken for forbrukarane.

Dyrebåla i Europa for berre 2 år sidan, viste at eit desentralisert landbruk og ein nasjonal matproduksjon er ein føresetnad for å sikre rein og trygg mat. Det er heller ikkje god miljøpolitikk å basere seg på transport av matvarer over halve jordkloden. Senterpartiet meiner at det er eit moralsk problem å redusere matproduksjonen og auke konkurransen i ei verd der stadig fleire svelt.

WTO-framlegget er ikkje berre ein trussel mot landbruket, men vil gje store, negative ringverknader innan næringsmiddelindustri, anna industri, transport, reiseliv og handel i ei tid med aukande arbeidsløyse. Forslaget til WTO ligg mellom det framlegget som Cairnsgruppa og USA la nyleg la fram og framlegget frå EU. Regjeringa har lagt seg nær EU når det gjeld kutt i tollvernet og kutt i prisstøtte, og vil bety dramatiske endringar i norsk landbruk.

Det pågår samtidig tenesteforhandlingar (GATS) i WTO som gjeld grunnleggande samfunnsoppgåver. GATS har vidtrekkande konsekvensar for millionar av menneske både lokalt, nasjonalt og globalt. Eit eksempel er at EU i

forhandlingane krev privatisering av vassressursar. På tross av dette er GATS-forhandlingane hermetisk lukka for innsyn. Sp har gjentekne gongar etterlyst innsyn dei liberaliseringskrava som er stilt til Noreg, fordi dei vil ha store konsekvensar for lokalt sjølvstyre og framtidas velferdstilbod. Sp har og bedt om innsyn i kva krav Noreg stiller overfor uland. Det er naturlig at fattige land får verne sitt næringsliv i ein oppbyggingsfase. Det er demokratisk uforsvarleg å ikkje opne for debatt om forhandlingar som har så omfattande konsekvensar både for Noreg og for utviklingslanda.

EU har gjort det klårt at dersom dei skal gje andre land lettare tilgang for landbruksvarer, skal EU ha gjennomslag for sine storkonsern når det gjelder handel med tenester, investeringsvern, patentrett osb. Det betyr at den beste alliansen Noreg kan bygge i WTO til vern om norsk landbruk, er å stå saman med den tredje verda om å slå tilbake offensive krav frå EU, USA og andre land på andre områder enn landbruk.

Landbruksnæringa er no i ei økonomisk og rekrutteringsmessig krise. Senterpartiet krev at Regjeringa i forhandlingane kjempar for eit levande landbruk, slik at vi òg i framtida kan ha levande bygder, eit velhalde kulturlandskap, trygg matforsyningsberedskap og sysselsetjing i heile landet.

Det er ikkje for bøndenes skuld at det vert jobba for full frihandel med mat. Ikkje for forbrukartane si skuld heller. Frihandel med mat er dei store multinasjonale matkonserna sin store sjanse. Det vil styrke deira enorme makt og inntekter.


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 13. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.