Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Innlegg i debatten om statsministerens redegjørelse om toppmøtet i Johannesburg, 5. november 2002

For redegjørelse og referat fra debatten i sin helhet, se Redegjørelse av statsministeren om FN-toppmøtet om bærekraftig utvikling i Johannesburg

Jon Lilletun (KrF) : Eg takkar statsministeren for ei god utgreiing frå FN-toppmøtet. Det er ingen løyndom at innsatsen for ei berekraftig utvikling sidan Rio-toppmøtet har vore skuffande, og at utfordringane før Johannesburg var mange. Fattigdomen har auka. Vi står overfor store miljøproblem, og land har vist liten vilje til konkret handling og lovnader. Trass i desse tilbakeslaga og vanskane hadde den norske delegasjonen store ambisjonar om å få til eit handlingsretta resultat frå toppmøtet i Johannesburg. Noreg spelte difor ei aktiv pådrivarrolle for å oppnå dette. Våre utsendingar såg at toppmøtet var ein stor sjanse til å løfte arbeidet for ei berekraftig utvikling framover. Eg ynskjer difor å gje ros til statsminister Kjell Magne Bondevik, utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson og miljøvernminister Børge Brende. Deira innsats hindra tilbakeslag i miljøarbeidet, og dei fekk i stand nokre viktige framsteg.

       I Johannesburg vart Noreg sett på kartet, og på grunn av våre folk oppnådde vi konkrete resultat. Det var Noreg som gjekk i bresjen for å hindre at miljøavtalar kunne verte tolka som underordna WTO-reglane på handelsområdet. Sjefen i FNs utviklingsprogram gjekk til det uvanlege steget å uttale seg om enkeltland då han ynskte at fleire land var som Noreg. Han meinte at Noreg sin utviklingsminister snudde heile konferansen då han var i ferd med å gå i feil retning. I Johannesburg kjempa Noreg for saker EU-landa ikkje hadde høve til å ta opp, og vi hadde stor handlefridom. Det viser at sjølv om vi er eit lite land, så kan vi endre posisjonar og få fleirtal for våre løysingar.

       At vi får framgang i miljøarbeidet, har stor verknad for verdas fattigaste. Denne regjeringa har kampen mot fattigdom som si fremste oppgåve. Vi veit at det i dag er dei fattigaste som i særleg grad vert ramma av miljøproblem og dårleg forvaltning av naturressursane. I Johannesburg var Noreg med på å setje søkjelyset på samanhengen mellom fattigdom, miljø og utvikling. Noreg fokuserte særleg på naturressursforvaltning, inkludert landbruk og vatn, energi, helse og miljø. Som statsministeren sa, har mykje skjedd på desse områda. Mellom anna har forventa levealder i utviklingslanda auka, og analfabetismen og barnedødelegheita er redusert. Vi ser framgang, og Noreg har vore med på å bidra til dette. Men utviklinga er ikkje god nok. Framleis lever over ein milliard menneske i ekstrem fattigdom, og skilnaden mellom fattige og rike aukar. At dei 20 rikaste prosentane av jordas befolkning bruker over 80 % av verdas brutto nasjonalprodukt, mens dei fattigaste 20 % berre rår over 2 %, gjer ei berekraftig utvikling umogleg. Det er vi rike som utgjer den største miljøtrusselen. Den eine rike milliarden av verdas befolkning står for mesteparten av utsleppa av stoff som forureinar, anten det er CO2, NOx eller andre stoff. Difor må OECD-landa ta eit større ansvar. I Johannesburg ynskte ein difor fleire konkrete lovnader og konkrete mål for å fremje miljøet og for å forhindre fattigdomen.

       Ein kom fram til nokre nye avtalar for å forhindre fattigdom og miljøøydelegging. Det vart bestemt at talet på menneske som manglar toalett og kloakksystem, skal verte halvert innan 2015. Om denne avtalen vert følgd opp, så vil rundt ein milliard fleire menneske få tilgang på sanitærfasilitetar og ein halv milliard fleire få tilgang på reint drikkevatn.

       Er vi så nøgde med resultata frå Johannesburg? Johannesburg har vorte kritisert for manglande resultat i forhold til innsats, seinast i ein kronikk i Aftenposten i går. Nei, ein kan ikkje vere nøgd. Når ein ikkje vart einige om ei ny målsetjing om kor mykje, eller når delen av fornybar energi skal aukast, når ein ikkje kom fram til ein avtale om plikt til å stoppe tapet av talet på artar, og når ein ikkje får plikt til å stoppe bruk og produksjon av miljø- og helseskadelege kjemikaliar, kan ein ikkje vere nøgd. Vi ville meir, men det er grunn til å slå fast at dei pessimistane som åtvara Regjeringa mot å delta på høgt nivå, som åtvara mot at ein ikkje ville oppnå noko, dei tok feil. Det fortel oss: Vi skal ikkje høyre på pessimistane, men vi skal faktisk tore å høyre på optimistane og leggje målsetjinga etter det.

       Og så til eit forhold som representanten Stoltenberg tok opp - det med Tobin-skatt. Vi må ikkje avvise det prinsipielt, men samstundes må vi ikkje la land som Frankrike få lov til å ta merksemda vekk frå viktig arbeid som er på gang, og å ha det som særområdet sitt. Det er nødvendig å arbeide med det, men det er gode arbeidsreglar i gang. Dette arbeidet må fortsetje på dei områda der vi er i gang.


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 13. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.