Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Debatten om internasjonal kapitalmobilitet - 28. mai 2001

Innlegg i debatten om forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Djupedal og Kristin Halvorsen om norske initiativ for å motvirke skadelige effekter av internasjonal kapitalmobilitet, 28. mai 2001

For referat fra debatten i fulltekst, se Referat fra Stortingets debatt, 28.5.01

Torstein Rudihagen (A) (ordførar for saka): Dok.nr.8:60 (2000-2001) tek opp to forslag. Det første omhandlar eit stadig meir fokusert tema, som bl.a framveksten av Attac-rørsla har medverka til, nemleg spørsmålet om ei avgift på valutatransaksjonar. Det blir fremma forslag om at Stortinget skal be Regjeringa om å legge fram ein plan for korleis Noreg skal arbeide internasjonalt for innføring av ei avgift på valutatransaksjonar. Det andre forslaget er at Stortinget skal be Regjeringa årleg legge fram for Stortinget ein rapport om verksemda i Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken, og Noregs stemmegiving og innsats elles i desse.

       Spørsmålet om ei mogleg styring og stabilisering av den internasjonale valutamarknaden er eit viktig tema - eit tema som òg har vore debattert her i salen tidlegare, m.a. på bakgrunn av ein interpellasjon den 1. mars i år.

       Vi har fått ein enorm auke i internasjonaliseringa av økonomien og handelen, både på godt og på vondt. Det gode er at auka handel, meir samkvem land og verdsdelar imellom og meir openheit i seg sjølv kan medverke til demokratisk utvikling i delar av verda som så absolutt treng det. Men her er òg ein del negative konsekvensar. Vi opplever valutaspekulasjonar i fleire grader, frå kortsiktig valutahandel, der det dagleg blir spekulert i små endringar i relative kursar, til det som ein kallar ei form for « kjøring » av ein valuta, der det blir spekulert i større endringar i eit lands valuta.

       Vi har sett at finans- og valutakriser har sett den økonomiske utviklinga i mange land fleire år attende. Derfor blir arbeidet med å etablere system for å førebygge internasjonale finanskriser viktig. Og eg synest det er positivt at det nå veks opp ei internasjonal rørsle som fokuserer på desse utfordringane. Ei global avgift på spekulative valutatransaksjonar, om den er riktig utforma, kan medverke til å fremme stabilitet i valutamarknaden og samtidig vere ei stor og viktig finansieringskjelde for FN og for å få bukt med fattigdomsutfordringa i verda. Men for å få ei slik valutaavgift med den tilsikta verknaden er det mange føresetnader som må på plass. Her er mange utfordringar. Mellom anna må det vere stor tilslutning internasjonalt til å innføre ei slik avgift. Skal det vere realistisk, må aktørar som USA og EU støtte opp om dette. Ei slik avgift må i tilfelle bli innført i alle land av eit visst omfang, òg i land utanom OECD. Ein samrøystes komite seier da òg i innstillinga at ein ser det som uaktuelt for Noreg å innføre ei slik avgift på einsidig basis.

       Ei anna utfordring er å unngå at avgifta i stor grad rammar handel mellom land og langsiktige investeringar. Ein liten skatt på f.eks. 0,1 %, som er nemnt i debatten omkring dette, vil nok ramme kortsiktig valutahandel, der det dagleg blir spekulert i små endringar i kursane, utan å ramme handelen med varer og tenester. Men det vil sannsynlegvis vere utilstrekkeleg for å hindre spekulasjon og « kjøring » av ein valuta der det blir spekulert i større endringar. Problemet er at ei større avgift fort vil kunne ramme handel over landegrensene og langsiktige investeringar. Dette er eit par eksempel på at vi treng ei utgreiing om korleis vi skal medverke til betre styring av dei internasjonale marknadskreftene. Det har utanriksministeren teke initiativ til, og komiteen viser i innstillinga til at dette skal drøftast i ei eiga stortingsmelding som Regjeringa tek sikte på å legge fram innan utgangen av neste år. Fleirtalet i komiteen ber òg om at Regjeringa ser på andre verkemiddel enn valutaavgift for å skjerme utviklingslanda, da dei blir spesielt ramma av valutaspekulasjonar.

       Når det gjeld spørsmålet om ein årleg rapport om verksemda i IMF og Verdsbanken, viser komitefleirtalet til behandlinga av St.prp.nr.56 (1997-1998) , der ein samrøystes finanskomite slutta seg til at ordninga med å legge fram ei eiga stortingsmelding om IMF annakvart år blei avvikla. Komitefleirtalet legg til grunn at Regjeringa held fram med å orientere Stortinget om IMF-saka på ein eigna måte, deriblant stemmegiving og norske synspunkt i viktige saker.

       Innstillinga frå fleirtalet er derfor at Dok.nr.8:60 blir lagt ved protokollen.


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 13. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.