Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Nyheter:

Bistandsdebatten og folket: Det er resultata som tel

Det står ikkje så dårleg til i norsk bistandsdebatt som somme vil ha det til, blant dei Marie Reinertsen i Klassekampen 25.11. Dei siste åra har diskusjonen teke seg kraftig opp. Viktigast har det truleg vore at den internasjonale bistandsdebatten for eit par år sidan slo inn over Norge etter William Easterlys bok ”White Man’s Burden”. Men det spelar og inn at det norske forskarmiljøet er blitt meir engasjert både til forsvar for og i kritikken mot bistanden.
Av Asbjørn Eidhammer, evalueringsdirektør i Norad | Mandag 28. desember 2009

(Kommentaren sto i avisa Klassekampen 03.12.09)

Det er mogleg bistandsdebatten for mange kan sjå ut som verar som stangast heller enn utveksling av synspunkt og erfaringar. Men då ser ein ikkje godt etter. Dei færraste av dei seriøse kritikarane er motstandarar av bistand i seg sjølv. Easterly avslutta boka si med ei kraftig oppfordring til aktivistar, forskarar og bistandsfolk om å jobbe for at bistanden når fram til dei fattige, og han har sidan engasjert seg sterkt for å få til ein betre bistand. Økonomen George Ayittey frå Ghana, ein flittig gjest på BBC og CNN, blir oppfatta som sterk motstandar av bistand. Men då han var i Norge i fjor talte han for støtte til frie media, uavhengige domstolar og effektive offentlege tenester. Eg kunne gå vidare på lista. Eg oppfattar også innlegga frå til dømes Bjørn Amland og Trygve Refsdal i Klassekampen som støtte til bistand, men dei vil har ein betre og delvis annan bistand.  

Eg vågar også den påstanden at det i norsk og nordisk bistandsmiljø er ein sterk tradisjon for sjølvrefleksjon. Grunnleggjande spørsmål om ”det nyttar” ligg støtt i bakhovudet på oss. Vi har ikkje vanskar med å sjå svakheter ved bistanden. Mange av dei kritiske problemstillingane som har blitt tatt opp i media dei siste par åra har då også bistandsfolk diskutert og arbeidd med lenge. Då Norad for to år sidan la fram den første av sine nye resultatrapportar, vart innhaldet flittig brukt av den bistandskritiske opposisjonen. Eit beskjedent bidrag til kritisk debatt har kanskje også vi evalueringsfolk gitt gjennom meir systematisk publisitet omkring eksterne evalueringsrapportar.

Vi ser då også at debatten har meir breidde enn det ved første augekast kan sjå ut til. Kritikken kjem frå ulikt hald og går i mange retningar, og løysingane som blir foreslått står ofte i motstrid til kvarandre. Slik skal det vere. Men skal ein få ein god debatt må det også vere lov å ta til motmæle når ein møter påstandar ein meiner ikkje er godt grunngjevne. Å ikkje motseie den zambiske økonomen Dambisa Moyo – når ein er usamd med henne – er å ikkje ta henne alvorleg.

Å måle resultat er vanskeleg

Bistandsdebatten blir påverka av at det ofte er vanskeleg å slå fast konkrete resultat. Det er ikkje lett å sjå andre område for offentleg politikk der ein har mindre kontroll over faktorar som påverkar utfallet av statens pengebruk. Difor har vi også innan utviklingsarbeidet bygd opp ei ordning for ekstern evaluering som er meir systematisk enn på andre område i den norske staten. Det skulle berre mangle. Medan skule og helsevesen blir kontinuerleg evaluert av brukarane, som er det norske folk, er det ikkje mogleg for skattebetalarane å gjere det same for aktivitetar som går føre seg langt utafor våre grenser, og for brukarane i utviklingslanda sjølve er det heller ikkje lett.

For enkelte tiltak er det sjølvsagt mogleg å fastslå rimeleg eksakte resultat, noko også våre evalueringsrapportar gjer. Ein kan rekne seg til kor mange arbeidsplassar som er skapte eller kor mange foreldrelause barn som er blitt tekne vare på. Men i dei aller fleste tilfelle skjer norsk bistand i samarbeid med andre. Ofte gir vi eit lite bidrag til større program eller til sektorinnsats, og mykje av bistanden går gjennom multilaterale organ. Då kan vi ikkje seie at auka inntekter i familiane eller ein reduksjon i barnedød skuldast norsk innsats, men vi kan gjere ei vurdering om Norge har bidratt til ei slik forbetring. Endå vanskelegare blir det å fastslå meir langsiktige verknader av norsk bistand. Så mange forhold vil spele inn. Men det er mogleg å gjere kvalitative vurderingar av norsk engasjement, og sjå denne innsatsen i samanheng med dei endelege resultata. Eit eksempel er det internasjonale vaksinearbeidet, der ein har kunna fastslå ein sterk nedgang i barnedød som følgje av internasjonal bistand. Då kan ein evaluere Norges rolle i og bidrag til dette arbeidet.

Men å leggje fram samanhengjande talmateriale for resultatet av den norske bistanden står ikkje i noko menneskes makt. Resultat kan leggjast fram, og blir også gjort, men ikkje resultatet. Ingen bistandsorgan prøver heller på det, etter det eg veit.  

Likevel veit vi ein god del om dei langsiktige verknadene av bistand, både gjennom internasjonalt bistandsforsking og evaluering. Men vi har behov for meir norsk bistandsforsking. Eyolf Jul-Larsen og Astri Suhrke har heilt rett når dei i Bergens Tidende 26.11 etterlyser meir uavhengig bistandsforsking i Norge. Det har forundra meg at det finst så lite av det. Særleg i Storbritannia har ein hatt omfattande forskingsprosjekt på bistand dei siste åra. Ein kan ikkje berre skulde på pengeløyvande makter her. Det nå avslutta forskingsprogrammet ”Utviklingsvegar i Sør” under Forskingsrådet hadde som eit av sine mål å finansiere forsking om bistand. Det vart det lite av, fordi det nesten ikkje kom forslag frå forskarane. Vi i Evalueringsavdelinga i Norad planlegg nå ei evaluering der vi vil stille spørsmål om kvifor det er slik.

Viktige innvendingar

Eg vil trekkje fram tre argument som blir brukt mot dagens bistand. Det første er at bistanden er for stor, noko som blir understreka ved å seie at innhaldet er viktigare enn storleiken. Det er siste er sjølvsagt rett, men det betyr ikkje at det er nokon samanheng mellom storleiken på bistanden og kvaliteten. Resultat av forskingsarbeid gjort av Det internasjonale pengefondet IMF, der ein har brukt eit breitt materiale for perioden 1960 – 2000, viser at bistanden har hatt best langsiktig effekt i dei utviklingslanda der nordisk bistand har vore sentral, det vil seie dei landa som gir mest i bistand. Om ikkje dette seier alt om årsak og verknad,  er det ingenting som tyder på at land som gir mykje bistand leverer dårlegare hjelp enn land som gir lite.

Det andre argumentet er at bistanden har gjort fattige land så avhengige av bistand at landa ikkje kan føre ein eigen politikk. Styresmaktene kan då ikkje gjerast ansvarlege overfor befolkninga. Givarane prøver å skape utvikling utafrå, og gjennom det svekkjer ein landets eigarskap til utviklingspolitikken og undergrev demokratiske prosessar.

Ein kan ikkje sjå bort frå ein slik effekt. Men er det den dominerande verknaden av bistanden? Eg meiner nei. Ein skal ikkje undervurdere afrikanske ledarar sin vilje og evne til å utforme landets politikk og prioriteringar. Dei siste åra er fulle av eksempel på ledarar som har tatt til motmæle mot givarane og gjennomført sin eigen politikk. Spørsmålet er om det er grunn til å tru at afrikanske ledarar ville ha vore meir ansvarlege overfor veljarar og befolkning om dei ikkje var avhengige av bistand, og at parlamentarikar eller det sivile samfunnet ville stått sterkare? Nyare forsking av maktforhold i til dømes afrikanske land tyder lite på det. Ei uavhengig evaluering gjort for Danmark av bistandssamarbeidet med Uganda konkluderte med at utan bistand ville den økonomiske veksten ha vore lågare, den politiske stabiliteten ville ha blitt truga og fleire menneske ville ha levd i fattigdom. I den bistandskritiske boka Africa Beyond Aid, med bidrag av forfattarar frå fire kontinent, konkluderer ein av forfattarane med at kvalitativ og kvantitativ evidens tyder på at bistand har hatt ein positiv verknad på demokrati i Afrika, om ikkje i alle tilfelle. Mi eiga røynsle frå nokre år i Malawi – år som var kritiske for demokratiet – gjer meg overtydd om at folkestyret ville hatt atskillig vanskelegare kår utan nærveret av engasjerte givarland.

Eit tredje argument er at bistanden ikkje når fram til fleirtalet av befolkninga i utviklingslanda. Fleire uavhengige evalueringar gjort for Norad kan tyder på at dette er ei utfordring også for norsk bistand. Ein ting er at innsatsen for å styrke nasjonal politikk og nasjonale institusjonar gjer det vanskelegare å måle resultata. Men evalueringsfunn tyder også på at den positive effekten for folk flest lar vente på seg. Det kan aksepterast dersom ein er rimeleg sikker på at dei langsiktige resultata er gode. I ein del land og på nokre område kan ein sjå slik positiv verknad, som innafor utdanning i Nepal og helsetenester i Malawi. Men ofte skjer det endringar i politikk eller økonomi som undergrev det tiltenkte resultatet. Utviklinga går ikkje i rett linje, aller minst i Afrika.

Løysinga er ikkje å slutte å bidra til å byggje nasjonale organ eller nå – når globale initiativ blir stadig viktigare – å ikkje til dømes støtte global innsats mot skatteparadis. Ingen land kan utvikle seg utan ein fungerande stat, og mange vonde let seg berre kjempast ned internasjonalt. Men når vi engasjerer oss i nasjonale program og globale initiativ, må vi passe på at dei er utforma slik at innsatsen kjem folk til nytte innafor rimeleg tid. Og vi bør kombinere slik bistand med å støtte tiltak som meir direkte når fram til folk flest. For dei endelege resultata av bistanden kan berre kan målast og evaluerast ein stad, hos vanlege menneske.


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.