Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Nyheter:

Pengar, elitisme og realisme

Mitt syn på utvikling er enkelt: Økonomisk og sosial utvikling i eit samfunn må i fyrste rekkje koma innanfrå og nedanfrå. Det å byggja eit samfunn frå toppen, med innsats utanfrå, er vanskeleg. Svært vanskeleg. Det å bruka store pengar på ein meiningsfull måte i fattige land er endå vanskelegare.
Av Trygve Refsdal | Fredag 27. november 2009

(Kronikken sto på trykk i avisa Klassekampen 27.11.09)

Eg er skeptisk til velmeinande hjelparar, som vil «løfta folk ut av fattigdom». Med denne innstillinga skapar dei lett avhengnad og passivitet. I staden for sjølvstendige menneske skapar dei klientar. Det er i fyrste rekkje med eige arbeid folk kjem ut av fattigdom, og det er med ei betre organisering av arbeidskrafta at nasjonar får økonomisk framgang.

Vår enkle tru på at våre pengar løyser problem i fattige land er uheldig. «Afrikas hovudproblem er ikkje mangel på kapital,» skriv Stephen Ellis i tidsskriftet Foreign Affairs. Ellis har vore redaktør i tidsskriftet Africa Confidential og kjenner kontinentet betre enn dei fleste. Han veit at raske pengar frå våre rike land, eller frå olje, diamantar og gull, så altfor lett vert kapra av lokale elitar og kan hamna i skatteparadis.

Ei viktig oppgåve i fattige land er å utvikla dei lokale marknadene. Her møtest folk som er tilnærma likeverdige. Dei kontrollerer kvarandre og har ei viss oversikt og innsyn i det dei sjølve og andre driv med. Slike nære marknader byggjer i stor grad på tillit. Dei er som eit slags immunforsvar mot korrupsjon, eit korrektiv både til rå kapitalisme og til råe statlege monopol. Der dei lokale marknadene fungerer dårleg, slik dei gjorde då Boris Jeltsin sette i gang si «deregulering» i Sovjet, er det fritt fram for ein rå kapitalisme, utan motkrefter. Under kommunismen hadde folk lært å stå i kø, men gløymt økonomiske lover. Då var det fritt fram for ein korrupt elite å rana til seg statseigedom til spottpris, og å byggja opp monopol, med grov mafiamakt.

Mange fattige land har sterke monopoltradisjonar, gjerne kontrollert av ein liten byelite, – her er handels-, innkjøps- og transportmonopol. Stundom er monopola knytte til fjerne marknader, eksport og import.

Eit eksempel: Kebebush. I eit brev til meg frå Arba Minch skriv Ketil Fuglestad, som har arbeidt i Etiopia i snart tjue år, om eit lokalt og jordnært utviklingstiltak, Ganta kafé:

«Ved vegen opp til Gantafjellet bur det ei einsleg mor med eit barn. Kebebush har vore gift, men mannen forlet henne for lenge sidan av grunnar som eg ikkje kjenner til. Ho har kome og spurt om hjelp til å få forbetra verksemda si. Eg spurde kva ho dreiv med og fekk til svar at ho hadde kafé og selde mat til folka som er på veg opp eller ned frå Gantafjellet. Bønder og handelsfolk forsyner marknaden i Arba Minch med poteter, grønsaker og anna, og det er dagleg stor trafikk. Eg bestemte meg for å sjå kafeen hennar. Ho synte meg inn i stova si, der serverer ho det spesielle brødet som ho lagar av mais og kveite. I tillegg får dei ei grønsaksblanding og te eller tørstedrikke. Stova hennar har berre umalte jordvegger og jordgolv. Maten lagar ho ved sida av huset under eit plasttak. Kebebush kjem ikkje frå Arba Minch og har difor ikkje slektningar her, men ho skaffar seg og barnet eit levebrød med den nisjen ho har funne. Eg synest dette er eit godt prosjekt og eg vil ta det opp på neste styremøte.»

Ketil har stått i spissen for bygdeutvikling i Konso og Javello, i tørre og eroderte landskap. Områda, som tidlegare var prega av hunger, er no omskapte til overskotsområde for mat og byggevyrke, med stor arbeidsinnsats og små pengemidlar. Etiopia vil no prøva å introdusera denne modellen i Oromo-provinsen, der nær halvdelen av bøndene i landet bur.

I mitt arbeid i fattige land studerte eg gjerne lokale marknader. Smått trevyrke har høgare verdi enn her heime. Og bønder planta mykje tettare enn i våre vestlege plantasjar, med god grunn. På Wondo Genet i Etiopia er eg ute i ei eukalyptusplanting, saman med Gezahin, ein snikkar, og Nezehty, assistenten min. Me ser etter vyrke for husbygging. Eg går til ei klyngje med ekstra beine og fine tre. «For tjukke, for tjukke!» ropar Gezahin. Han ser etter slanke tre som har hatt ekstra stor konkurranse frå sidene, helst berre 6–8 centimeter i diameter. Dei er ideelle til takkonstruksjonar. Så ser me etter tunne ræler, som er ideelle til flettverk, som ei armering i leir- og jordhus.

Nokre veker seinare får me ei vitjing av to svenske skogsekspertar. Dei skal demonstrera effektiv skogsdrift. Dei startar motorsagene, feller nokre tre og kappar dei effektivt i to meters standardlengder. Då spring Nezehty fram, og stiller seg mellom motorsagene og tre som står for fall. «Stopp!» skrik ho, rasande. «De øydelegg trea våre! De øydelegg pengane våre!» Modig gjort av ei kvinne i eit mannsyrke! Men sjølvsagt hadde ho rett.

Har norske bistandstoppar same preferansar som elitar i sør, med prioritering av eksport og inntening av hard valuta framfor lokal handel? Tre døme viser dette:

  • I arbeidet til Nord-Sør/Bistandskommisjonen: «Norsk sør-politikk for en verden i endring» (NOU 1995:5) er ordet «eksport» nemnt i ulike samanhengar nær 500 gonger. Orda «lokale markeder» er nemnt ei – 1 – gong, i samband med utviklinga i Kina og Sør-Asia.
  • I Stortingsmelding nr. 35, «Felles kamp mot fattigdom – En helhetlig utviklingspolitikk» (2003-04) er ordet «eksport» nemnt nær 100 gonger, «lokale markeder» ei gong. Dei fleste av dei nær tjue treffa på «markeder» gjeld «globale» eller «vestlige markeder».
  • I Norad sin resultatrapport frå 2008 er orda «lokal handel» og «lokale markeder» ikkje nemnt. På ordet «eksport» får eg 9 treff. På ordet «tradisjon» er her 4 treff. To av dei er berre positive, det gjeld norske tradisjonar. To av dei er negative, det gjeld tradisjonar i utviklingsland.

Men kan eksportnæringar utviklast i eit tomrom, utan å byggja på vel fungerande lokale og nasjonale marknader? Eller skal eksport drivast fram som reine koloniale, fjernstyrde program?

Flaskehalsen i norsk u-hjelp er kapasitet og kompetanse, med ein etat som er merkt av stadige omorganiseringar. Eg meiner at den raske veksten i norske bistandsbudsjett under Hilde Frafjord Johnsen og Erik Solheim er problematisk. Kvart år skal me bruka nær to milliardar kroner ekstra, i fattige og fjerne samfunn.

Med dette vert det eit sterkt press for å bruka pengar. Konsulentar som gjer eit grundig arbeid for å barbera kostnader og å få inflaterte program ned på jorda, vert som sand i eit velsmurt apparat. Dei vert upopulære, både hjå gjevar og mottakar. Andre, som står for meir ukritisk pengebruk, gjer karriere. Med ekspansive budsjett og med oppdrag i svake land møter dei sjeldan motstand. Rask vekst i bistandsbudsjetta øydelegg for kvalitet og realisme.

Kva skjer når mange rike land går massivt inn i eit fattig samfunn? Det kan snu opp ned på den lokale økonomien. Husprisar i trygge, sentrale strøk går raskt i veret. Vaktselskap og tryggingsbransjen ekspanderer. Folk søkjer seg jobb i NGO’ar. Med det kan dei dobla, tredobla eller femdobla løna si. John Carvalho, ein tenestemann i Uganda Forest Department, hundredobla løna si då han ei kort tid var konsulent for Verdsbanken.

Trafikken i hovudstaden veks enormt, det veks fram nye hotell, nye restaurantar og nye kjøpesenter. Det er som ein Klondyke-økonomi, bygt på tilstrøyminga av ekspertar og pengar utanfrå. Det store fleirtalet av folk og landsbygda står utanfor dette.

Afghanistan er eit grelt eksempel. Landet sitt brutto nasjonalprodukt er mindre enn eit middels stort norsk fylke, til eksempel mindre enn Møre og Romsdal. Hit kjem all verdas nasjonar for å ta del i krigen mot terror og for å bygga opp ein ny stat, eit nytt sivilt samfunn.

Landet sitt BNP er på vel 12 milliardar dollar. Den norske militære og sivile innsatsen i landet utgjer i sum 1.75 milliardar kroner, eller 2,6 prosent av landet sitt BNP. Det er ein svært høg del. Frå eitt år til eit anna auka me bistanden til landet frå 500 millionar til 750 millionar kroner. Jonas Gahr Støre og Erik Solheim ser ikkje dette som problematisk. I eit utvikla land som Noreg vil alle sjå på ein slik auke, 50 prosent frå eitt år til eit anna, som ein uansvarleg høg budsjettvekst.

I tillegg kjem alle dei andre, frå Canada, Australia, England, Italia, Sverige, Tyskland, Danmark. Og så vidare. USA sin militære innsats utgjer i år mellom 40 og 50 milliardar dollar, nær fire gonger Afghanistan sitt brutto nasjonalprodukt! Hit kjem ei syndflod av pengar og ressursar.

Berre dei fyrste to åra etter krigsstarten vart husleiger i trygge deler av Kabul tidobla. Det ligg enorme summar i vaktselskap og tryggingsoppdrag, og i betaling for å skaffa seg fritt leide ved reiser og transport. Bensin, smugla inn frå Pakistan, kan seljast med astronomisk profitt. Det er ulike former for krigsprofitt som dominerer samfunnet, og som også finansierer ein straum av migrasjon frå landet. Det fører til raseri frå dei mange som står utanfor dette.

Dei som jobbar for oss har løner som er tilpassa dagens situasjon, medan dei som arbeider for lokal løn er håplaust akterutsegla, utan ekstra inntekter. Det er eit system som i sterk grad fremjar korrupsjon. Den opphavlege, lokale økonomien er stilt heilt i skuggen av vår militære og sivile ekspansjon. Det sivile samfunnet, som me skal byggja opp, vert effektivt brote ned. Dette er ein utilsikta effekt av vår «Out-of-Area»-strategi, med stor innsats i fjerne og fattige land.

Det er ein idealsituasjon for mafiøse organisasjonar, som står bak menneskesmugling og som styrkjer si økonomiske ryggrad i ein krigssituasjon. Slik til eksempel mafiagrupper på Balkan gjorde det under og etter Kosovo-krigen. No er det Afghanistan. Der er det no einast narkoøkonomien som kan måla seg med krigsøkonomien.

Gode resultat av innsats utanfrå får me berre når vårt arbeid er skikkeleg forankra lokalt; i eksisterande lokal økonomi og sosiale strukturar. Til denne forankringa krevst kompetanse og kontinuitet, og evne til å lytta til lokale røyster. Vår pengebruk må tilpassast til den lokale økonomien, der små pengar dominerer.

Nyttige og godt forankra tiltak vil ofte skyta knoppar lokalt og gje ringverknader. Fattige bønder tek i bruk det som er bra og oppnåeleg for dei. Tiltak av høg kvalitet spreier seg naturleg, utan massiv innsats frå vår side. Folk veit sitt eige beste.

Som ei påminning til slutt: I siste nummer av The Economist er hovudtemaet How to feed the World – korleis fø verda. På leiarplass vert lokale marknader nemnt fleire gonger – dei me sjeldan finn i Norad-rapportar. Dei skriv også: «Mangel på sikre marknader er det største hinderet for utvikling på landsbygda.»


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.