Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Nyheter:

Bærekraft - eit godt omgrep

Anders Skonhoft, professor ved NTNU gjev ei vurdering av temaet økonomisk vekst og miljø. Hans konklusjon er at det var feil av Brundtlandskommisjonen å hevda at økonomisk vekst var eit verktøy for å redda miljøet. Han visar til at klimaendringane, avskoginga og overfiske er drevne av vekstynskje og difor eksempel på at vekst øydelegg miljøet. Eg er mykje einig i tesen, men samanhengen kan problematiserast.
Av Torgeir Havik, halvøkologisk sivilarkitekt | Onsdag 21. juni 2006

Innlegget sto på trykk i Klassekampen 21.06.06

Så vidt eg hugsar var penneføraren til Gro Harlem Brundtland ein viss Lord Timberlake. Han var hjerne bak mykje av dokumenta som var underlag for ”Vår felles framtid”. Det var den gong mange som meinte at også Lorden var ueinig i at økonomisk vekst var ei føresetting for eit naudsynt miljøvern. Vekstfokuset var vel heller eit ynskje frå den politisk leiinga, kanskje frå Gro?

Den største trussel motverdas bærekraft er klimaendringane, øydelegging av biologisk mangfald samt opphoping av giftstoff i naturen, og Skonhoft set fokus på klimaendringane.

Takk og pris for at han meinar klimaendringane må nedkjempast: Det er alt for mange universitetsfolk i NTNU miljøet som anten ikkje er einig eller interessert i temaet.

Støtte til Skonhofts tese: Dei austeuropeiske landa fekk eit brått fall i økonomien etter at markedsøkonomien fekk fritt spelerom. Dette medførte eit mindre utslepp av klimagassar, og gjev dei andre EU landa med høge utslepp grunnlag for kjøp av klimakvotar. Dernest: Dei landa som har store klimagassutslepp er land med høge BNP, dei fattige landa gjer små skadar for miljøet, men vil få større liding når fylgjene av dei rike landas utslepp vert enda verre. Men derav å seia at det er ein lovmessig samanheng mellom økonomisk vekst og klimaendringar er vel ikkje rett. Økonomisk vekst krev energi, men ikkje all energi er like skadeleg. Dessuten er det mogleg med effektivisering. EU har hatt ei dobling innan økonomien sidan 1970 samstundes som energibruken har aukt med berre 10 %. Nye byggeforskrifter vedteke i EU i 2003 og som Norge vil få vil bidra til redusert klimapåverknad. Marknadskreftene har dei siste åra dreve gamle og unge inn i småleiligheter i bysentra. For  30 år sidan gjorde tett/ låg inspirerte arkitektar forsøk på å få politikarane til å laga reguleringsplaner med anna enn eineboligar. Det var fåfengt. Dei 20 siste åra har fortettinga skjedd i hovedsak gjennom eigedomspekulantar, entreprenørdrevne lovendringar, meklarar og ei ny tidsand. Denne utviklinga sparar miljøet på mange felt og vekst gjev det. Sjå på Storbritannia: Dei skal fasa ut kolverka og kjøpa gass og olje frå Norge mellom anna. 2/3 av energien må importerast for å redusere påverknaden på klima. Veksten vil dei ha. Briten James Lovelock hevdar at kjernekraft er løysinga. Atomkraft gjev ikkje klimaproblem og muliggjer fortsatt økonomisk vekst. EU skal få ned koldioksydutsleppa med 60 % innan 2050. Bushadministrasjon drit i heile miljøsaka. Båe skal ha økonomisk vekst. Det er to grunnleggande metoder som må nyttast rått: både decoupling og dekarbonisering. Frikoppling innebær at økonomisk vekst ikkje skal gje miljøskadar, veksten skal vera ressurseffektiv, med rein teknikk og minimale drivhusgassar. Dekarbonisering er også ei frikoppling og denne gongen mellom energibruk og fossile brensleprodukt. Metodane er tekniske og ikkje tilstrekkelige. Dei vanskeligaste utfordringane ligg på økonomi, og i dei politiske og sosiale tema. Økonomisk vekst gjev ikkje lengre eit betre liv for oss. Vi treng ikkje dra til Thailand for å nyta samveret med natur og dei kjæraste. Den lukka fann våre forfedre på setra, i Sogn eller på ein svensktur. Kanskje er det dei ibsenske tema som fortsatt skulle gje oss innhald i det sosiale liv. Og naturoppleving er ikkje berre kvantitativt, tenk på alt liv i mikroplanet som vi ikkje har opna augo for. Kampen om livets innhald burde vore tema i dei pågåande forhandlingane i kommune og Stat. Når seier stortingsmenn og kvinner, meklarar, rikmenn av alle slag om sine løner: Nok er nok. Då hadde innhaldet i bærekraft fått ei anna meining, og det er dit vi treng koma.


Torgeir Havik, halvøkologisk sivilarkitekt | E-post: havik@h2as.no
Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.