Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Nyheter:

"Demokraten" Chávez

Om ein har følgt Venezuela-dekninga i norske media, får ein fort det inntrykket at kritikk av styret til Hugo Chávez er noko som høyrer Høgre og Aftenposten til. Den norske venstresida har vori ubehageleg fråverande, om ein ser bort frå dei gongene ein har stilt spørsmål direkte til ulike representantar, som i Klassekampen 2.juni. Ein ting er likevel å ikkje kritisere eit styresett, noko anna er å halde det fram som eit ideal.
Av Daniel Ims | Onsdag 13. juni 2007

(Kronikken sto på trykk i Klassekampen 13.06.07)

Når det gjeld Chávez, har begeistringa for han og den ”bolivarianske revolusjonen” hans vori påtakeleg nærverande hos viktige aktørar som Klassekampen, Sosialistisk Ungdom og Audun Lysbakken, nestleiar i SV. Lysbakken gjentek i det nemnde KK-oppslaget noko han alt har hevda fleire gonger, nemleg at Chávez-styret står for ei utviding av demokratiet, ”blant annet gjennom økt bruk av direkte demokrati”. Denne tiljublinga av Chávez står i kontrast til mange venstresideaviser og venstreintellektuelle i Sør- og Mellom-Amerika, som nok ligg nærare Høgre og Aftenposten enn Lysbakken og Klassekampen i omtalen av den venezuelanske presidenten.

Den nicaraguanske forfattaren og politikaren Sergio Ramírez (m.a. visepresident i sandinistperioden frå 1984 til 1990) var tidleg ute med å analysere dei farlege tendensane i chavismen i ulike avisartiklar. Han har kommentert uheldige likheiter mellom Venezuela i dag og Nicaragua på åttitalet i det at regjeringa fører ein politikk som i kraft av å representere fleirtalet ignorerer opposisjonen og skapar eit djupt splitta folk (ja, Ramírez har ei sjeldsynt gåve for refleksjon og sjølvkritikk). Når det derimot gjeld politikken til Chávez elles, har Ramírez kommentert at han meir enn noko anna minnar om den til den argentinske populisten Perón, som regjerte Argentina i midten av førre hundreåret. Denne samanlikninga har sjølvsagt også blitt gjord av  argentinske kommentatorar, og likheitstrekka slår ein i auga: Militære som først prøvde å koma til makta ved statskupp, men som seinare vann demokratiske val etter massiv og entusiastisk oppslutning i ei befolkning med lita tiltru til dei tradisjonelle partia; moglegheita til å ause av store statsinntekter for å finansiere sosiale program som ber den personlege signaturen til presidenten; eit særs anstrengt forhold til den økonomiske eliten, studentane, dissenterande intellektuelle og media. Det er sjølvsagt forskjellar mellom dei òg; mens Perón sympatiserte med Mussolini, hevdar Chávez å representere ein ”sosialisme for det 21. hundreåret”.

Denne sosialismen skal vera inspirert av Kristus og Bolívar (som leidde dei søramerikanske kreolane i kampen for lausriving frå den spanske kongen). Dersom ein ikkje umiddelbart får det klart for seg kva ein slik sosialisme går ut på, kan ein trøyste seg med at Chávez stadig kjem med openbaringar om kor vegen går vidare, gjerne gjennom tv-showet Aló Presidente, der presidenten personleg leier programmet og legg ut om dei ulike planane han har for revolusjonen. Om intimitetstyranni har vori rekna som eit problem i den politiske debatten i Noreg, blir det ingenting samanlikna med desse showa. Her får ein gjerne servert historier frå familien til Chávez, slik som visdomsord frå dottera hans, Rosinés. Da presidenten fekk det for seg at det var viktig for den bolivarianske revolusjonen å endre riksvåpenet, blei dette presentert som ein observasjon av dottera. Hesten i riksvåpenet sprang nemleg mot høgre og såg seg bakover, hadde ho sett; nå galopperer han sjølvsagt mot venstre med hovudet beint framover. Ein vittig kommentator i den vesle Chávez-kritiske venstresideavisa Tal cual skreiv etter dette eit stykke forma som eit brev til Rosinés (fordi ”du er truleg den einaste han [Chávez] lyttar til”) der han mellom anna spør henne om ho ikkje kan be faren om å ikkje vera så sinna på dei som ikkje er samde med han (”som han kallar fascistar og kuppmakarar”), ikkje snakke så mykje om planane han har etter 2021 og ikkje laga så mange tv-kanalar.  Chávez har elles ein tilhug til å gjera narr av kritikk, men dette blei ikkje ledd av.  Avisa og journalisten blei trekte for retten, og dømde til å betala nærmast ei årsinntekt, noko som heldt på å ta knekken på avisa. 

Grunnleggjaren av Tal cual er den venstreintellektuelle Teodoro Petkoff, som også var med og grunnla det (tidlegare) største sosialistpartiet i Venezuela Movimiento al socialismo (MAS), eit parti som har blitt splitta fleire gonger sidan 1998 på grunn av spørsmålet om støtte til Chávez. I 2005 skreiv Petkoff dessutan boka Dos izquierdas (”To venstre”), der han markerer avstand til dei autoritære regima til Castro og Chávez til fordel for dei ulike formene for demokratisk venstresidepolitikk som han meiner ein finn hos Lula i Brasil, Kirchner i Argentina og Lagos (forgjengaren til Bachelet) i Chile. KK-lesarane, som ofte blir servert kritikk av styret til Lula frå ulike brasilianske venstregrupperingar,  kunne truleg vera interesserte i å få høyre om venstresidekritikk av Chávez også.

Audun Lysbakken ønskjer seg eit meir ”direkte demokrati”, og  eg tek det inntil vidare for å vera eit oppriktig ønske om at folk skal kunne ta større del i viktige avgjerder.  Men når Lysbakken gjer Chávez til forbilde, spørst det om han ikkje begår det politiske motsvaret til Bjarte Flems famøse utspel og kastar ballen rett i eige mål. Chávez har rett nok mange gonger uttala at han føretrekkjer det deltakande demokratiet framfor det representative, men ein får inntrykk av at han forstår direkte demokrati slik at han sjølv skal vera direkte nærverande i alle avgjerdsprosessar. Nå som Chávez har fått fullmakt til å skrive ut lovar i 18 månader, har han oppretta ei mengd med consejos comunales (”kommuneråd”) som etter offisiell grunngjeving skal gi folket direkte påverknad på kva dei vil bruke offentlege midlar på. Ein ikkje uvesentleg detalj er at desse råda er direkte underlagde regjeringa, som etter eigne preferansar  avgjer fordelinga av midlane. Om vi legg til dei ”bolivarianske misjonane” der offentlege sosiale program altså ber namnet til den ideologiske plattforma til presidenten, at offentlege tv-kanalar blir omgjorde til reine talerøyr for regjeringa eller at Chávez reknar Castro, Lukasjenka og Ahmadinejad som sine nære internasjonale allierte, anar vi kanskje at opphøyret av konsesjonen til den største venezuelanske tv-kanalen RCTV 27. mai i år ikkje er eit enkeltståande tilfelle.  Mange sør- og mellomamerikanarar kjenner igjen språk- og maktbruken til caudilloen; det kan vera lurt å lytte til dei. Norsk venstreside bør truleg finne andre heltar (eller kanskje rett og slett slutte å halde seg med dei).


Daniel Ims - Universitetslektor ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk | E-post: d.g.ims@ilos.uio.no
Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.