Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Kristelig Folkeparti om internasjonal skatt (Tobin tax o.l.)

Lørdag 23. april 2005
Linker oppdatert: Fredag 29. april 2005

Utdrag fra sentrale kilder:

I partiprogrammet

I KrFs program 2001-2005 står det bl.a. at:

"Den globale markedsøkonomien stiller oss overfor nye utfordringer. I dag rammer kortsiktige valutaspekulasjoner svake og lite resiste økonomier. Utviklingsland er særlig utsatt. Norge bør i internasjonale fora arbeide for virkemidler som kan motvirke slike spekulasjoner. I denne sammenheng bør en avgift på internasjonale kapitaloverføringer (Tobin-avgift) utredes som et aktuelt alternativ."

I Stortinget

I debatten om statsministerens redegjørelse om toppmøtet i Johannesburg, 5. november 2002, sa KrFs Jon Lilletun bl.a.:

"Og så til eit forhold som representanten Stoltenberg tok opp - det med Tobin-skatt. Vi må ikkje avvise det prinsipielt, men samstundes må vi ikkje la land som Frankrike få lov til å ta merksemda vekk frå viktig arbeid som er på gang, og å ha det som særområdet sitt. Det er nødvendig å arbeide med det, men det er gode arbeidsreglar i gang. Dette arbeidet må fortsetje på dei områda der vi er i gang."

I debatten om norske initiativ for å motvirke skadelige effekter av internasjonal kapitalmobilitet, 28. mai 2001 sa KrFs Ingebrigts S. Sørfonn bl.a.:

"Når det så gjeld Tobin-avgifta, vil ei eventuell innføring av ei slik avgift sannsynlegvis verka stabiliserande og avgrensa omfanget av kortsiktige kapitalflyttingar og plasseringar. Men dersom ei slik avgift skal ha nokon verknad, må den innførast på global basis. Samtidig vert det reist ganske mange praktiske utfordringar, som korleis ein skal kanalisera denne avgifta vidare til dei som treng det, osv. Frå Kristeleg Folkeparti si side har me derfor gått inn for å leggja dette dokumentet ved protokollen. Til grunn for det ligg at me har merka oss at Regjeringa tek sikte på å drøfta nettopp moglegheitene for ei betre styring av dei internasjonale marknadskreftene i ei eiga stortingsmelding. Her legg me til grunn at Regjeringa i den varsla meldinga til Stortinget òg vil gjera greie for det internasjonale arbeidet som er på gang og vil verta utvikla vidare for å avgrensa valutaspekulasjonane. I dette tek me det som sjølvsagt at drøftinga av spørsmålet om ei internasjonal valutaavgift vert teken med."

I debatten om interpellasjon fra representanten Djupedal om internasjonal avgift på valutatransaksjoner, 1. mars 2001 sa KrFs Ingebrigt S. Sørfonn bl.a.:

"Når det så gjeld Tobin-avgifta, vil ei global innføring verka stabiliserande og avgrensa omfanget av kortsiktige kapitalplasseringar. Samtidig vil ei slik avgift innebera mange praktiske utfordringar.

       Noregs plass i Tryggingsrådet må brukast aktivt. Her kan me nå fram og få ein dialog med dei største landa i både EU og G-7. Dette er viktig for å få ein uformell dialog. Likevel kan det stillast spørjeteikn ved om Tryggingsrådet er det mest eigna organet for å ta opp denne typen reformforslag.

       Mitt hovudpoeng er likevel at Noreg må arbeida aktivt med denne saka i dei internasjonale fora der det er mest føremålstenleg, med sikte på å oppnå eit godt resultat."

 

Kilder KrF - internasjonal skatt (Tobin tax o.l.):

2002:


2001:

Regjeringen Stoltenberg - Ap (17. mars 2000 - 19. oktober 2001):

 


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.