Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Kommentar/debatt:

Sjå til Bolivia, Jonas!

Ved årsskifte kunne generalsekretær i Verdas Handelsorganisasjon (WTO), Pascal Lamy, og vår eiga regjering orientere om at det ville skyte fart med fulle forhandlingar på samlege tekstar januar 2011 med mål om å avslutte Doha-runden innan påske. Kven er det som grev opp den daude katten frå Doha? G 20. Skal me tru på gutteklubben grei så er den kritiske debatten i organisasjonen viktigare enn nokon sinne.
Av Heidi Lundeberg, dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG) | Onsdag 02. februar 2011

(Kronikken sto på trykk i avisa Klassekampen 02.02.11)

Doha runden som retorisk sett har vore ein utviklingsrunde har vist seg å handle om marknadstilgang for dei største transnasjonale selskapa. Sør land har derfor stått i blokk og motsett seg forslag etter forslag med argument om at forslaga vil ta frå landa den styringsretten som er naudsynt for å styre landa ut av fattigdom.  Eit av dei landa som har stått i spissen for kritikken og i spissen for ei meir rettvis  multilateral handelsavtale er Bolivia. Me møtte Bolivia sin ambassadør til WTO i Oslo før jol.

”Doha har ikkje klart å dekkje formålet om utvikling. Mandatet må revurderast i ljos av nyare utvikling, slik som finanskrisa”. Angelica Navarro kjem frå La Paz med bakgrunn frå det bolivianske låglandet. Kvinna er klar i si tale og gjev meg følgjande beskjed til vår Jens og vår Jonas:  ikkje press på for vidare liberalisering.

Dei pågåande forhandlingane i WTO har hittil tatt 10 år og vert kalla for Doha-runden fordi erklæringa som ligg til grunn for forhandlingane vart signert i Quatars hovudstad, Doha. Doha-runden er óg kalla Utvikingsrunden fordi hovudmålet med runden er å integrere utviklingslanda i den økonomiske veksten.  Erklæringa frå Doha definerar følgjande tre kriterium for forhandlingsrunden: (i) auka marknadstilgang av interesse for utviklingsland; (ii) balansera reglar som gjev utviklingsland politisk handlingsrom til å gjennomføre utviklingspolitiske vedtak som er tilpassa deira behov og utviklingsnivå; og (iii) program for teknisk bistand og assistanse.  Forhandlingane har brote saman fleire gonger fordi utviklingslanda har protestert mot det dei meiner har blitt ein runde for marknadstilgang for dei rike landa snarare enn ein utviklingsrunde. 

Bolivia har dei siste åra stått i spissen for ei rettvis og miljøvenleg utvikling i globale fora og deira posisjon i WTO er ikkje noko unntak. Når ambassadøren pratar om WTO, startar ho med klima- og miljøkrisa. Bolivia har ein samstemt politikk i internasjonale fora. Med ein ny og progressiv grunnlov i ryggen nektar Bolivia å liberalisere handel med varer og tenester knytt til menneskerettar. I grunnlova er blant anna vatn og mat definerte som menneskerettar. ”Kvifor skal ikkje utviklingsland kunne beskytte sine bønder?” spør Navarro. Den internasjonale matkrisa bør vere argument nok i seg sjølv for at kvart enkelt land skal kunne produsere mat til eigen befolkning meiner ambassadøren. Vatn, som er omfatta av WTO gjennom tenesteavtala, GATS, er eit anna døme på område Bolivia ikkje vil godta som del av ei handelsavtale. Ein forhandlar rett og slett ikkje om menneskerettar i Bolivia. Vidareforedling av landets mange naturressursar og å skape nye arbeidsplassar står også heilt sentralt for dei bolivianske styresmaktene, derfor syns dei det urimeleg at fattige land ikkje skal kunne beskytte og leggje til rette for eigen industriell utvikling slik som samlege industrialiserte land har gjort. Navarro er spesielt bekymra for vareavtala, NAMA, fordi Sør-land som i utgangspunktet har felles interesser i å beskytte industrisektoren har blitt splitta opp i ulike forhandlingsgrupper i forhold til økonomisk situasjon ( dei minst utvikla landa - MUL)  og dei andre, noko dei lova i forrige forhandlingsrunde. Dei minst utvikla landa er blitt gjevne spesielle fleksibilitetar, medan land som Bolivia bedt om å liberalisere kraftig. Det blir det neppe noko av, for her står bolivianske styresmakter fast på sine prinsipp. Som Navarro seier det ”me vil ikkje røre oss ein centimeter”.

Men som i andre internasjonale fora har ikkje Bolivia berre såkalla defensive interesser i forhold til liberalisering, Bolivia har alternative løysingar og strategiar for ei meir rettvis handelsavtale – såkalla offensive interesser. Den nye grunnlova i Bolivia forbyr all patentering på liv. ”Det er eit etisk og moralsk imperativ at det ikkje er rom for kommersialisering av liv i urfolkskulturane”, seier Navarro. Ifølgje ambassadøren står ideen om privat monopol på offentlege godar imot urfolkskulturane. Genetiske ressursar og tradisjonell kunnskap er ivaretatt, og utvikla over tid av heile samfunn. Privat monopol blir såleis å forstå som biologisk piratverksemd understrekar ambassadøren. Monopol bidreg ikkje til innovasjon, men gjer det tvert imot vanskelegare for utviklingsland. Bolivia stiller derfor med eit konkret tilleggsforslag til avtala på immaterielle rettar TRIPS, (artikkel 27.3.b – for dei som kjennar saka), som spesifiserar at liv ikkje kan patenterast. Vidare meiner Bolivia at tenesteavtala GATS må modifiserast slik at tenester som påverkar menneskerettar vert ekskludert. Navarro understrekar at no som FN har godkjent vatn som menneskerett så må WTO følgje opp konsekvensane av det. Sist men ikkje minst går Bolivia i spissen for å endre artikkel 24 i GATT, paragrafen som godtek bilaterale handelsavtaler mellom to eller fleire land. WTO må anerkjenne at medlemslanda ikkje er like. Forholdet mellom landa er asymmetrisk og dei fattige landa må derfor få spesiell behandling óg i bilaterale avtaler, seier ho.      

Bolivia er eit lite land, og som klimaforhandlingane i Cancún viste så får dei ikkje alltid gjennomslag i internasjonale fora. I internasjonale forhandlingar held det ikkje med gode idear, det krevst makt bak krava for å få gjennomslag.   WTO er óg basert på konsensus. G20 – dei mektigaste landa i verda kan ha så lyst til å avgjere at Doha-runden skal gjerast ferdig som bare det, men dersom Bolivia held på sine posisjonar så blir det vanskeleg å kome til einigheit. Dersom ikkje dei store misbrukar si makt, så må Bolivia sine krav bli høyrde.

I samtale med Navarro blir det klart at det er ulike måtar å sjå offensive og defensive interesser på. Dei norske posisjonane i WTO har vore marknadsliberalisering av dei sektorane der Noreg har store eksportinteresser (fisk, telekommunikasjon og energi) kalla offensive interesser, medan beskytting av dei sektorane der Noreg ikkje er internasjonalt konkurransedyktig på pris (jordbruk) er kalla for defensive interesser. Altså er dei norske interessene definert ut frå reine økonomiske omsyn. Bolivia på den andre sida definerar sine interesser ut frå sosiale og miljømessige omsyn. Bolivia sine defensive interesser er område der dei ynskjer å bevare fleksibiliteten i eksisterande avtaler medan Landet sine offensive interesser er område der  dei ynskjer å endre dagens tekstar for å ivareta sosiale og miljømessige omsyn.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre har profilert seg som ein minister som er open for dialog og han har lagt grunnlag for ein diskusjon av norske interesser. Latin-Amerikagruppene i Norge takkar for invitasjonen og ber statsråden revurdere definisjonsgrunnlaget for våre interesser. Noreg bør sjå til Bolivia når me definerar våre interesser. Kanskje er det også det som skal til for å løyse WTO floka: å framforhandle ei multilateral handelsavtale med formål om å verne om og styrke sosiale og miljømessige verdiar i Noreg så vel som for fattige land.



Aktuelle lenker:

Relevante saker på rorg.no:


Nyhetskanal  Nyheter (js-feed)

Om aktuell kommentar/debatt:


"Aktuell kommentar/debatt" på RORG-Samarbeidets ressurssider for Nord/Sør-interesserte formidler aktuelle kommentarer og debattinnlegg fra personer og medlemsorganisasjoner innenfor RORG-Samarbeidet.

Målsettingen er:

  • å stimulere til kritisk debatt om norsk sør-politikk og sentrale og aktuelle nord/sør- og utviklingsspørsmål og
  • å synliggjøre medlemsorganisasjonenes rolle som "vaktbikkje" overfor norsk sør-politikk og deres deltakelse i debatten om sentrale og aktuelle nord/sør- og utviklingsspørsmål.
Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.