Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Nyheter:

Med blikk for det globale

Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson speler same rolle som misjonærane under den klassiske kolonialismen, meiner Erik Reinert: - Imperialismens avdeling for godt samvit, seier økonomen bak boka «Global økonomi».
Av Magnus E. Marsdal | Onsdag 12. januar 2005

Intervju av Erik S. Reinert i Klassekampen 12.01.05
(for ytterligere informasjon, se Verden på feil kurs mot 2015?, RORG-Samarbeidet 14.01.05)

Erik Reinert er utdanna ved Harvard. Han er både siviløkonom og sosialøkom, han er tidlegare forskingsleiar i Norsk investorforum og seniorforskar ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. No har han ei stilling som professor ved Universitetet i Tallinn, Estland, der han byggjer eit masterstudium i økonomi slik han sjølv meiner økonomi skal studerast. Og då blir det visstnok andre bollar.

For Reinert legg ikkje fingrane i mellom. Økonomar flest er nyttige idiotar for ein nykolonialistisk verdsorden som held milliardar av menneske nede i fattigdom. Lett angrande nyliberalistar som den amerikanske professor Jeffrey Sachs bør «halda kjeft» og utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson er av same ulla som velmeinande vestlege misjonærar i teneste for imperialismen alltid har vore. Lett komprimert er det sånt du får høyra frå denne mannen.

Men fyrst: «Hvorfor er de så fattige?»

Har ikkje svar 

Dette spørsmålet opnar den ferske boka «Global økonomi. Hvordan de rike ble rike og hvorfor de fattige blir fattigere», signert Erik Reinert. Han var gymnasiast, på reise i Peru i 1967. Fattigdomen var over alt. Men kvifor? «Jeg fant ingen forklaring på fattigdomsproblemet i noe leksikon eller i økonomifaget». Og desto meir gåtefullt: «Hvorfor har bussjåføren i Frankfurt en reallønn 16 ganger høyere enn lønnen til en like effektiv bussjåfør i Nigeria?» Reinert påstår at den totalt dominerande tradisjonen i økonomifaget i dag - nyklassisk økonomi - ikkje har svar. Null. Niks. Nada.

I «Global økonomi», derimot, får vi svar. Her er det andre teoretiske tradisjonar i sving. Der nyklassisk økonomi svarer «handel», svarer Marx, Schumpeter og Reinert «produksjon». Og innovasjon.

- Og produktivitetseksplosjon, seier økonomen. Det er det det handlar om. Store oppturar i levestandard kjem når ny teknologi skaper sterk vekst i produktiviteten, slik at det blir ein langt større produksjon til fordeling på befolkninga. Produktivitetseksplosjon er lik industri, forsking og høgteknologi. Det er slikt vi lever av i Vesten. Dei andre lever av landbruk og å sy skjorter med symaskiner frå 1979 (sjå figur). 

Poenget til Reinert er: Det er forskjell på næringane. Nokre skaper vekst. Andre gjer det ikkje.

Regulering avskaffa 

Dette har menneska alltid visst om, i alle fall sidan 1400-talet. Ikkje minst har kolonimaktene visst forskjell på ulike typar næringsliv. Reinert siterer britiske standpunkt frå 1729:

«Alle negere skal forbys å veve både lin og ull, å spinne eller karde ull, og å produsere noe av jern utover det å fremstille støpejern. De skal også forbys å produsere hatter, strømper og lær av noe slag. Hvis de setter opp en egen industriproduksjon, og regjeringen siden har behov for å stoppe deres fremskritt, kan vi ikke vente at dette skal være så lett som det er i dag».

Men i dag er dette gløymt. I nyklassisk økonomi er all produksjon rett og slett produksjon. Og avregulert verdshandel er til beste for høg og låg, for Nokia og risbonden i Vietnam. Vegen til rikdom går via ei «globalisering» som avskaffer all regulering og eit kvart tollvern, er rådande religion blant økonomane. Ein katastrofe, meiner Erik Reinert.

- Industrialisering skjer ikkje av seg sjølv. England verna sin industri i 250 år. Sør-Korea klarte prosessen på berre 40. Men det må vera eit drivhus på plass før planten blir sterk nok til å klara seg. I dag er det i praksis forbod mot drivhusbygging i fattige land, hevdar han. Dette blir diktert av Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF).

- Vilkåra dei tvingar fattige land med på er at dei ikkje får subsidiere, verna og prioritera visse næringer framfor andre. Det globale handels- og gjeldssystemet vi har bygd opp nektar den fattige verda å fylgja den vegen alle rike land har gått.

Livsoppgåve

Frihandelsevangeliet frå Washington er basert på nyklassisk økonomi, arven etter Adam Smith og andre økonomar som meiner handel er den sentrale faktor for utviklinga av økonomien. For Reinert er kampen mot den matematiserte, nyklassiske økonomien vorte ei livsoppgåve. 

- Dei nyklassiske økonomane har herja sidan slutten av 1940-talet. Det er vakse opp minst ein generasjon økonomar som ikkje kan noko anna enn dette, som på visse område er ein parodi av ein teori. Og så, etter Murens fall, fekk vi ein triumfalisme på marknadsøkonomien sine vegner som bidrog til dei heilt ekstreme utslaga på 1990-talet.

- Så kva er eg på veg inn i, dersom eg er ein 20 år gamal, kritisk innstilt student som byrjar på samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo?

- Du er som ein student som skal inn på eliteskulen Eton, midt under den viktorianske stortida til det britiske imperiet. Du går inn i eit system som er sett opp til forsvar for makta og privilegia til overklassen.

- Dersom det er såpass, vil ikkje ein kritisk student lukta lunta?

- Nei. Du tenkjer gjerne etter ein høgre/venstre-akse. Og så møter du både høgre- og venstreorienterte professorar, og begge sider forsvarer det same teoretiske paradigmet. Det er som då eg skreiv noko litt kontroversielt i Dagens Næringsliv for ti år sidan... 

Reinert fekk svar frå to arge økonomar, som hadde minimalt til overs for det han hadde fått på trykk. Det eine innlegget kom frå Victor Norman. Det andre frå den venstreorienterte økonomiprofessor Karl Ove Moene.

- Når dette er tilstanden, skal det mykje til for at studenten står imot.

Står i vegen 

Etter det hysterisk nyliberalistiske 1990-talet har mange økonomar fått ein litt annan låt. For eksempel amerikanske Jeffrey Sachs, som etter å ha underlagt Aust-Europa nyklassisk «sjokkterapi» no har kome på litt andre tankar og snakkar mykje om at fattige land treng hjelp. Reinert er ikkje imponert.

- Argentinarane, som har mista 60-70 prosent av lønnsutbetalingane, svarer folk som Sachs slik: «Vil dei som øydela økonomien vår vera så venlege å halda kjeft.» Det er jo vanvittig at folk som han framleis er i maktposisjon. 

- Men han er vel kome på betre tankar?

- Han kan få honnør for at han vil bidra til å lappa på skadene han har gjort. Men han forsvarer paradigmet. Han står derfor i vegen for effektive løysingar. Desse økonomane vedgår at den marknadsliberalistiske medisinen ikkje har fungert. Men som alternativ går dei inn for å setja den fattige verda på trygd.

Reinert samanliknar slike velmeinande, nyklassiske økonomar med misjonærane i den klassiske kolonitida.

- Dei blir imperialismens avdeling for godt samvit. Dette er det norske «godhetsregimet» som Terje Tvedt kritiserer. Det er i ferd med å bli internasjonalisert no. Det vil berre gjera vondt verre, på sikt.

Det same gjeld norsk bistand og statsråd Hilde Frafjord Johnson (KrF), skal vi tru Reinert:

- For å seia det pent: Ho representerer jo både den gamle og den nye versjonen av den imperialistiske godt samvit-industrien.

Går til årsakene 

Erik Reinert vil få noko gjort med årsakene til fattigdom, ikkje berre symptoma. Og årsaken er ikkje mangel på frihandel, meiner Reinert. Han trur ingenting på at Noreg skal redda Afrika ved å rasera vårt eige landbruk og opna for massiv matimport frå sør.

Det der er verkeleg heilt feil. Ingen land har vorte rike ved å spesialisera seg på landbruk. Det er ikkje sant at dei fattige landa fyrst kan «byggja seg opp» gjennom eksportinntekter frå landbruket for så å gå i gang med pc-produksjon og high-tech, seier han. I staden tilrår han denne politikken:

  • Rike land skal få lov å verna sitt landbruk, men all dumping gjennom eksportsubsidiering må vekk.
  • Fattige land må få verna landbruk og industri.
  • Fattige land må utvikla handel seg i mellom.

- Er dette i slekt med «frikopling» frå verdsmarknaden, som økonomen Samir Amin tek til orde for?

- Ja. Vi kan snakka om ei selektiv frikopling, tilpassa kvart einskild land.

«Global økonomi» er publisert av Spartacus forlag.


Magnus E. Marsdal | E-post: magnus.marsdal@klassekampen.no
Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.