Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Nyheter:

Tjue år med Jeffrey Sachs

Den amerikanske økonomen Jeffrey Sachs har i to tiår prega internasjonal politikk med sin innsats for privatisering, deregulering og stram styring av offentlege utgifter. Etter tida som rådgjevar for presidenten i Bolivia frå 1986 til 1990, samt innsats i amerikanske land som Argentina, Brasil, Equador og Venezuela, gjekk turen til Aust-Europa. Sachs fekk innpass via fagrørsla Solidaritet i Polen i 1989. Deretter kom nyliberalismen til Russland.
Av Magnus E. Marsdal | Tirsdag 18. januar 2005

Artikkel i Klassekampen 18.01.05
(for ytterligere informasjon, se Verden på feil kurs mot 2015?, RORG-Samarbeidet 14.01.05)

Frå 1991 til 1994 var Jeffrey Sachs sjef for laget av vestlege økonomar som hjelpte president Boris Jeltsin med «makroøkonomisk stabilisering, privatisering, marknadsliberalisering og internasjonale finansrelasjonar», som det står i CVen hans. Denne politikken fekk namnet «sjokkterapi». Effekten lot ikkje venta på seg. Frå 1991 til 1994 gjekk realinntekta til russarane med 40 prosent, viser statistikk frå USAs handelsdepartement.
Industriproduksjonen i dei fleste sektorar stupte då landet vart integrert i den globale kapitalismen. Levealderen blant menn fylgde etter. I 1993 var den tre år lægre enn året før, og på det lågaste nivået sidan 1960-talet, rapporterte BMJ (British Medical Journal).

Ved sidan av innsatsen for Russland, fekk Sachs også tid til å ta seg av Mongolia i perioden 1991-1993. Sjokkterapien inkluderte fri flyt av alt utanom alkohol og null toll på all vareimport. Landet fylgde oppskrifta Sachs hadde med frå Washington til punkt og prikke. Resultata av 50 års industrialisering vart så å seia utrydda på fire år. Eksporten frå Mongolia vart meir enn halvert gjennom 1990-talet. Industriarbeidarane måtte venda tilbake til landsbygda. Talet på gjetarfamiliar vart tredobla, åtte millionar ekstra beitedyr gjekk laus på landet. Snart var landbruket heilt på felgen på grunn av overbeite og fordi landet ikkje hadde råd til å importera gjødsel. Avlingane vart halverte frå 1989 til 1998. Inntektene til staten forsvann, helsestellet for kvinner og born braut saman.

Etter suksessen i tidlegare sovjetstatar har Sachs' karriere utvikla seg mot stendig større og noblare mål. Med leiarrolla i FNs Tusenårsprosjekt får Jeffrey utnytta evnene sine til beste for alle fattige land på ein gong.


Magnus E. Marsdal | E-post: magnus.marsdal@klassekampen.no
Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.